Print this page
     
d

Spesialkrybbe for Expressar

Express-eigarane i Ran Seilforening går no saman og spleiser på dei nye profilane til
båtkrybba til Rolf Hermansen. Profilane er særleg tilpassa botnen på Expressen og båten kviler så høgt at det er god arbeidshøgd slik at ein òg kjem til på undersida av kjølen.

– Det er ein kjend sak at det er vanskeleg å koma til med reparasjonar på undersida av kjølen, men med denne krybba får alle som seglar Express no eit tilbod for å få optimalisert kjølen, fortel krybbeeigar og initiativtakar Rolf Hermansen.

Prisen for å låna krybba er kroner null. Sidan krybba kan flyttast bort frå kranen, og dermed ikkje opptek kaikapasitet rundt kranen, slepp ein billig frå det - ein betalar berre for kranløftet. Tilbodet er sjølvsagt ope for gnikkeglade Expressar frå alle seglforeningar, men hugs at det er lågare pris på kranløftet om du er medlem i Ran Seilforening.

Når du skal løfta Expressen på land er det lett for at wiren til kranen kjem borti og skadar vindex og evt. spil som løftar akterstag. For å unngå dette kan ein ta av riggen i mastekranen likebortanfor sjølve båtkranen. Det som òg funkar greit er å ta bort akterstaget, slakka vanta heilt opp og trimma masta godt forover ved å setja eit fall i eit av kryssholta på baugen.