RAN Seilforening Kjølbåt Jolle Tur- og havseiling

 • Lyst å seile?     • Jolle     • Entype     • Tur&hav/Regatta     • Anlegg     • Selskapslokaler     • Arkiv     • Om RAN     • Børsen     • Hjem  

 

 

   Arkiv
    - God jul og godt nytt år
    - Berit var innom!
    - 2011 har vært et godt år for Ran Seilforening
    - Juletreseilasen 2011
    - Sesongavslutning for jolleseilerne i Ran seilforening
    - Vel gjennomført dugnad 29.Okt
    - Dugnad lørdag 29. okt. 2011 - Kl.: 10:00
    - Rekrutt og kretssamling 2011
    - Rekruttsamling for Optimistseilere
    - Referat fra ekstraordinært årsmøte 20. oktober 2011
    - Seilkro 12. oktober 2011
    - Klubbmesterskap T/H 2011
    - Klubbmesterskap for Optimist og Zoom8
    - Lagcup Asker
    - Ran-seiler med godt resultat i ORC-NM
    - Høstregatta joller 2011
    - Båter/ tilhengere på parkeringsplassen må fjernes
    - Askeladden
    - NC4 Bundefjorden
    - Teambuilding for næringslivet
    - Kretsmesterskap 2011
    - JNoM 2011
    - Sommerleiren 2011
    - StorNM i Moss
    - Ramsalt - Shetland Race 25 år
    - Stord Rundt 2011
    - Pinseleiren 2011
    - Pinseleir 2011
    - Sommerregatta 2011
    - LYS-regeltolkning/presisering
    - NC3 Bergens og Hjellestad seilforening
    - NC2 Nesodden
    - NC1 Horten
    - Thorvalden 2011
    - Hjeltefjordtrimmen 2011
    - Dugnaden 30. April 2011
    - Kretssamling for joller
    - Kretssamling 2011
    - Sesongåpning for jolleseilerne
    - Vellykket Seilting 2011
    - Prosjekt startbåt
    - Fremtidens trenere samlet til praksis i RAN
    - Snøføyka 2011
    - Hordacup reglene for T&H er endret fra og med 2011
    - Innkalling til Årsmøte - Onsdag 16. februar - 2011
    - Ran har innlevert innsigelser mot privat småbåthavn
    - Dommar og arrangørkurs 2011
    - Kurs vinteren 2011
    - "Jolleforeldre" på fest
    - Neglespretten 2011
           



Snarveier:
 Bli medlem


Snøføyka 2011

 



Båtbrann, isbryting, solrik, vindfattig, langsom og avkorta. Desse stikkorda oppsummerar årets Snøføyka.



Dokument om Snøføyka
Du finn resultatlista her.
Du finn seglingsvedtektene her.
Du finn deltakarlista her.
Du finn invitasjonen her.

Tysdag 15. februar



VestNytt har i dag reportasje frå Snøføyka og båtbrannen.
Les avisreportasjen her og nett-versjonen her


Med dette sluttar oppdateringane kring Snøføyka 2011.


Mandag 14. februar





Les Seilas sin reportasje om Norsteam-hevinga her

Les same reportasje hjå VG her




Les Seilmagasinet sin reportasje om hevinga av Norsteam her






Sjå Google Earth-bilete med delar av Hanna Marie sitt GPS-spor. Sendt inn av Tom Erik Olsen.


Sundag 13. februar


Les Seilmagasinet sin reportasje om Snøføyka her



Bileta over er sendt inn av Harald Matland.
Du kan lesa meir om båten hans, X-faktor, på denne linken.



Laurdag 12. februar


Det starta dramatisk med Norsteam som brann og deretter sokk ved kaien i natt. Svært synd for dei unge jolleseglarane som hadde sett fram til å få prøva seg i kongens gamle båt. I staden vart desse seglarane fordelt på fleire andre båtar slik at dei i det minste fekk kome seg på fjorden som plaster på såret. Les reportasjar om brannen hjå Seilas, BT, Seilmagasinet, VestNytt, BA og TV2



Dinest var det trøbbel i den andre enden av temperaturskalaen. Delar av hamna i Anglevik var tilfrosen, noko skapte problem for bøyebåt og fotobåt som båe laut prøva seg som isbrytarar på 1,5 cm tjukk is. For fleire av dei deltakande båtane vart isen òg ei utfordring. I Fanafjorden hadde Synzygus hakka is i to timar før dei kom i ope farvatn, men det tok ikkje lang tid før båten kom inn i ny is og dermed laut dei kasta inn handkledet før start.




Før start var det lett bris frå søraust 2-3 m/s og meldingane tydde på at dette skulle auka til 4-5 m/s utover dagen. Det vart difor avgjort å segla løp nr. 2: Start - merke 300 meter til lo for startlinja om babord - Kalsøyflu om babord - Skageflu om babord - Rotøyane om babord - mål.



Alle dei tre startane gjekk fint, sjølv om få utnytta den store babordfordelen på startlinja. Etter runding av kryssmerket valgte dei fleste båtane å gå nokså langt aust langsmed Færøy og Bukholm på fyrste delen av den lange lensen mot Kalsøyflu. Ved Rotøyane gjekk dei fleste båtane på vestsida, nokre få prøvde seg i sundet mellom Nordre og Midtre Rotøy, men dette resulterte berre i tap.



Mellom Rotøyane og Ramsøy minka det gradvis med vinden og det vart etterkvart ein del spredning i feltet. Dette vart særleg båtane i klassen utan spinnaker skadelidande. Etter runding av Kalsøyflu tok vinden seg litt opp att og båtane fekk ein grei kryss i 2-3 m/s.



Det vart no teke avgjerd om å ta avkorting ved Skageflua lykt. Problemet var at berre få av båtane ville nå dit i tide. Det vart difor gitt muntlig melding til alle båtane om utviding av maksimaltida.

På strekket frå Ramsøy til Rotøyane såg det ut til at det lønte seg å halda seg utanfor den sterkaste motstraumen midtfjords og størst gevinst var det nok for dei som låg på austsida av fjorden. Det siste legget frå Rotøyane til Skageflua vart langdrygt for dei fleste for no minka vinden til eit minimum.



Etter målgang kunne småkalde seglarar gle seg over varm suppe og ei kort oppsummering av Thomas Nilsson sine inntrykk frå dagen. Dinest var det klart for premieutdeling.



Vinnar i klasse Doublehanded: Helana, Milde Båtlag



Vinnar i klasse LYS til og med 1,15: Whiplash, BSI/Seiling



Vinnar i klasse LYS 1,16-1,24: X-faktor, Nordhordland Seilforening med dagens beste korrigerte tid.



Vinnar i klasse LYS frå og med 1,25: Regina II, Ran Seilforening

Ran Seilforening takkar North Sails, alle medhjelparar og deltakarar for god innsats og ynskjer velkomen attende til Snøføyka neste år.


Fredag 11. februar



Folksomt på North-seminaret: nærare 70 personar møtte fram
North Sails sitt seminar fredag kveld.




Førebuingar: Håvard Dahl har fått av presenningen
og storseglet er komen opp på dekk.




For seglarar i Ran Seilforening vert det høve til å henta
premiane frå Hjeltefjorden 2010 på regattakontoret i morgon.

Det er i dag kome inn melding om at NOR 6235 "Nikita" har trekt seg.

NOR 10 091 "Helana" har betalt LYS-brev og stiller i DH-klassen.

Protestkomite for Snøføyka:
Leiar: Thorvald Haaberg, Askøy Sf
Rolf Hermansen, Ran Sf
Harald Matland, Nordhordland Sf



Torsdag 10. februar
Det er no stengt for påmelding.
Evt. påmeldingar må betale dobbel startkontigent.
Send i så fall ein epost til kjellmag@gmail.com

Seglingsvedtektene og deltakarlista er publisert i menyen til venstre.



VestNytt har i dag førehandsomtale om Snøføyka
Les saka her


Onsdag 9. februar
NOR 12 514 "Storm" har fått godkjent at båten kan
segla med spinnaker som har seglnr. NOR 12 466.

Det er i dag kome inn melding om at NOR 13434 "Marlin" trekkjer seg.


Tysdag 8. februar


Seilmagasinet har i dag oppslag om Snøføyka.
Les saka her


Måndag 7. februar
Det er sendt ut pressemelding om regattaen. Les denne her




Utskriftsvennlig versjon


RAN Seilforening, Anglavikvegen 115, 5354 Straume – Org.Nr. 983 884 490 – Kontonr. 9521.66.10068 – post@ranseil.no