Print this page


Ny sikringsbåt
x
 
Ran Seilforening vedtok på sist årsmøte å gå til innkjøp av ein sikringsbåt. Mandag 21. mai kom båten for fyrste gong til Anglevik.

Båten er ein Tresfjord 29 Nordic 1989 modell. Båten er kjøpt gjennom NB Marine, som har gjort ein omfattande verkstadjobb med montering og service på motor og anna utstyr.

Ein heilt avgjerande føresetnad for at Ran Seilforening kunne gjennomføra kjøpet av sikringsbåten, er den store støtta laget har fått frå Norges Seilforbund, heile 215 000 kroner har Ran fått utbetalt i investeringsstøtte frå NSF.

Bileta under er dels henta frå annonsa og dels teke før levering.



Info om båten:
Båten har ein velholdt 124 HK Volvo Penta med gangtid på 3200 timar. Toppfarten er på vel 17 knop. Av øvrig utstyr kan nemnast fylgjande:

Baugpropell (ny) med inne/ute-styring
ET-kraftblokk (ny)
Flaggstativ (nytt)
Toalett (nytt)
Ekkolodd
Kartplottar
Kartplottar PC
VHF
Radar
Radio/cd-spelar
Dieselvarmar
Defroster
Trimplan
Ferskvannspyling på vindauge
Spylepumpe
Lyskaster
Takluker
Kalesje
2 gassbluss

Denne båten vil ha fleire bruksområder ved seglaktivitetar/regattaarrangement/andre samanhengar:
Sikringsbåt
Redningsbåt
Startbåt
Bøyebåt
Slepebåt
Arbeidsbåt
Representasjonsbåt
Presse/media

Båten vert no utstyrt og klargjort for bruk under Hjeltefjordtrimmen og Sumarregattaen. Vidare skal det utarbeidast prosedyrar for bruk og vedlikehald på båten. Til dette trengst motiverte personar som kan tenkja seg å arbeida for båten skal framstå minst like flott som i dag. Inntil vidare vert bruken av båten koordinert av regattakomiteen ved Leif Jørgen Ulvatne - som kan kontaktast på 95 11 95 25.

Helsing
Kjell Magnus Økland
Regattakomiteen