Print this page


Snøføyka 2012


Resultatliste for Snøføyka 2012

Deltakarliste for Snøføyka 2012

Seglingsvedtekterfor Snøføyka 2012

Invitasjon til Snøføyka 2012


19. februar
Det er gjort ein korreksjon i resultatlista på målgangstida på NOR 748 og NOR 14443. Ved ein feil vart det registrert at NOR 748 kom fyrst i mål, men det var altså NOR 14443 som kryssa mållina fyrst. Dette har ingen konsekvensar for plasseringar på resultatlista.

Artikkel om Snøføyka på kappseiling.no

Artikkel om Snøføyka på X-faktor si nettside

17. februar
Kl. 1400: Seglingsvedtekter og endeleg deltakarliste med 21 påmeldte båtar er no publisert!
Seminaret fredag kveld startar klokka 1900.
Vêrmeldinga lovar sørvestleg vind frå 11 m/s minkande ned mot 8 m/s.

16. februar
Kl. 1800: 20 påmeldte båtar!
Seminaret fredag kveld startar klokka 1900.
NOR 10272 Regina II trekkjer seg frå regattaen.

13. februar
14 påmeldte båtar!
Ran Seilforening ber om at alle betaler startkontigenten per bank til kontonr. 9521.66.10068.
Vêrmeldinga så langt tyder på plussgrader og bra med vind frå sørvest.

8. februar
10 påmeldte båtar!
NOR 11548 er flytta frå turklasse til LYS med spinnaker


Program for Snøføyka

Fredag klokka 1900 vert det foredrag i klubbhuset med Magnus Brun om vindskift. Magnus sit i trenarutvalet til Norges seilforbund, og har lang trenerrøysnle for jolleseglarar.



Foredraget vil fokusera på kva vindskift er, korleis ein kan forutsjå vindskifta, og korleis ein best kan vurdera risiko ut i frå dei vindskifta som kjem under ein regatta. Det vert òg presentasjon av seglingsvedtekter og vêrmelding,lett servering og sjølvsagt høve til ein god seglarprat.


I forkant av regattaen vil det vera høve til å få tips på kaien i Anglevik frå Thomas Nilsson, North Sails. Etter regattaen vert det video der Thomas viser godbitar frå regattaen.



Get Adobe Reader Read file
 Invitasjon Snøføyka