Invitasjon
Ran Seilforening inviterer til KM for Joller 22-23. august 2009.
Det vert segla inntil 4 seglasar kvar dag på olympisk trekantbane type Napoli eller Lo/Le pylsebane. Baneområde vert i Angleviken/Hauglandsosen.
1. Reglar Regattaen vil vera underlagt ”reglane” slik dei er definert i Kappseilingsreglane 2009-2012, Skandinavisk Seilforbunds si føresegn (om regel 30.2 og 30.3), aktuelle klassevedtekter og seglingsvedtektene. Regattaen er klassifisert som eit stemne i kategori C.
2. Klassar Krinsmeisterskapet er ope for fylgjande klassar: Snipe, Laser, Europa, 29er, Zoom8, og Optimist.
Så framt det er stor nok påmelding i klassane Europajolle og Zoom8, kan det verta aktuelt å dela desse klassene vidare opp i høvesvis damer/herrar og jenter/gutar.
I Optimistjolle vert deltakarane plassert etter NOK si klasseinndeling, http://idrett.speaker.no/Downloads/202694/docs/NOK_Klasseinndeling_rev_2008-01-08.pdf
I dei ordinære KM-klassane må det starta minst 5 båtar i ein klasse for at klassen skal få gyldig krinsmeisterskap.
KM for Joller tel òg som HordaCup nr. 5 i 2009.
3. Tid for seglasane Programmet for kappseglasene er som fylgjer: Laurdag 22. august : Fyrste varselsignal vert gitt kl. 12:00 Sundag 23. august : Fyrste varselsignal vert gitt kl. 12:00
4. Påmelding Påmelding skjer her Påmeldingsfrist: onsdag 19. august. Deltakarliste og seglingsvedtekter vert publisert på www.ranseil.no seinast fredag 21. august kl. 18.00. Dette vil òg vera tilgjengeleg på regattakontoret.
5. Startkontigent Optimist & Zoom8 Kr. 150 Europa & Laser Kr. 200 Snipe & 29er Kr. 250
Båtar som melder seg på etter påmeldingsfristen lyt betala dobbel startkontingent. Startkontingent kan betalast til Ran Seilforenings sin bankgiro 9521.66.10068 eller kontant ved registrering innan klarsignal for fyrste startande klasse i 1. seilas.
6. Premiering Det vert delt ut KM-medaljar i gull, sølv og bronse til mannskapa om bord i dei tre beste båtane i kvar gyldig KM-klasse. Attåt dette vert det mannskapspremiering til 1/3 av startande båtar i kvar klasse. Det vert berre premiert i klassar med tre eller fleire startende båtar.
7. Parkering og utsetjing av båtar Parkering på Ran Seilforening sin parkeringsplass. Jollar kan sjøsetjast via jolleslippen i Anglevik. Sjøsetjing av fylgjebåtar ved betongoppdrag like nedanfor parkeringsplassen. Ein ber om at båthengarar vert plassert øvst på parkeringsplassen.
8. Kiosk Det vert salsbu i/ved Ran Seilforening sitt nye klubbhus.
9. Regattakontor Regattakontoret er i det nye klubbhuset til Ran Seilforening og har fylgjande opningstider: Fredag 21. august kl. 18.00 – 20.00 Laurdag 22. august kl. 08.30 – 11.00 Sundag 23. august kl. 09.30 – 10.00 Etter seglasane er regattakontoret ope til ein time etter protestfristen.
10. Førespurnader Spørsmål i samband med KM kan rettast til Steinar Kålås (99 58 19 73).
Velkomen til Ran Seilforening og KM for Joller 2009!
Invitasjon i PDF-versjon
|
|
|