Print this page


Ny motor klar i sikringsbåten
x
Reint og romsleg motorrom med ny Yanmar!
 
Reint og romsleg motorrom med ny Yanmar!
 
Elektrisk kontrollpanel og hendelen til sluregearet.
 
Elektrisk kontrollpanel og hendelen til sluregearet.
26. februar kunne Leif Jørgen og Kjell Magnus i regattakomiteen henta sikringsbåten hjå NB Marine med flett ny motor installert.

Motoren er ein Yanmar 4JH3 120 hk med sluregear. Vidare er det støypt nye fundament, nytt eksosanlegg og montert nye el-panel, slik at det no er alarmfunksjonar både inne og ute.

Prøveturen frå Herdla til Anglevik gjekk i nydeleg sol og avslørte eit svært tiltalande nivå på både fart (17 knop+), støy, vibrasjon og finmanøvreringsevner.

Båten vert no klargjort for sesongen og skal på land i andre halvdel av april for vask, bunnsmørjing og montering av ny propell.

Om nokon kjenner for å bidra i arbeidet med båten, ta gjerne kontakt med Leif Jørgen Ulvatne på 95 11 95 25.

Les meir og sjå fleire bilete av sikringsbåten på denne linken