![]() |
|||||||||
Ny motor klar i sikringsbåten |
|||||||||
Motoren er ein Yanmar 4JH3 120 hk med sluregear. Vidare er det støypt nye fundament, nytt eksosanlegg og montert nye el-panel, slik at det no er alarmfunksjonar både inne og ute. Prøveturen frå Herdla til Anglevik gjekk i nydeleg sol og avslørte eit svært tiltalande nivå på både fart (17 knop+), støy, vibrasjon og finmanøvreringsevner. Båten vert no klargjort for sesongen og skal på land i andre halvdel av april for vask, bunnsmørjing og montering av ny propell. Om nokon kjenner for å bidra i arbeidet med båten, ta gjerne kontakt med Leif Jørgen Ulvatne på 95 11 95 25. Les meir og sjå fleire bilete av sikringsbåten på denne linken |
|||||||||