RAN Seilforening Kjølbåt Jolle Tur- og havseiling

 • Lyst å seile?     • Jolle     • Entype     • Tur&hav/Regatta     • Anlegg     • Selskapslokaler     • Arkiv     • Om RAN     • Børsen     • Hjem  




Snarveier:
 Bli medlem



Området som skal spenges ut.

Sprengjer ut Færøyfluene ved Askøy

 

I slutten av mai startar Kystverket opp arbeidet med utsprenging/utdjuping av masse i sjø ved Færøyfluene i Askøy kommune. 



Anleggsområdet ligg vest for Follese i Askøy kommune og nordaust for Anglavika i Fjell i farleia i innseglinga til Bergen. Kystverket opplyser at dersom alt går etter planen, kan arbeidet vera fullført tidleg i juli. Formålet med utdjupinga er å gje sikrare og rettare farlei inn mot Bergen. Tiltaket vil redusera risikoen for skipsulukker.

Kystverket har fått alle nødvendige løyve til å gjennomføra utdjupinga. Arbeidet går føre seg måndag til laurdag i tida mellom klokka 07.00 og 19.00. Det vert ikkje utført arbeid på helgedagar.

I løpet av anleggsperioden vert det gjennomført om lag fire sprengingar. I tillegg til støy og ufarlege rystingar frå sjølve sprenginga, vert det noko støy frå undervassboring og forflytting av massar. Massane skal dumpast i sjøen om lag 300 meter aust for Færøyfluene.

Moderat støy

Anleggsområdet ligg om lag 600-700 meter nordaust frå busetnaden i Anglavika i Fjell. Til vanleg er vindretninga gunstig med omsyn til "forflytting" av støy.

Ferdsel i anleggsperioden

Kystverket legg vekt på at det vert trygg ferdsel i området i anleggsperioden. Det er etablert gode rutinar saman med Fedje trafikksentral. Entreprenøren nyttar vaktbåt før varsling og sprenging. Arbeidet er kunngjort i Etterretning for sjøfarende (EFS) og vert kunngjort i lokale medium.

Lokal informasjon

Kystverket har i samråd med Fjell kommune informert Foldnes/Våge Grendalag, RAN Seilforening og andre aktørar i området. Dette skrivet vert distribuert til innbyggjarane og hytteeigarane i Anglavika og andre som kan ha interesse for anleggsarbeidet.

Spørsmål om udjupinga av Færøyfluene kan rettast til Kystverket v/ Rita Svendsbøe på tlf. 900 98 170.

På nettsida til Kystverket www.kystverket.no er det lagt ut informasjon om prosjektet med lenkje til utsleppsløyve og rapport frå visuelle undersøkingar.

For Fjell kommune Vigleik Brekke Tlf. 91581107 

 

Les artikkel om saken hos Vestnytt




Utskriftsvennlig versjon


RAN Seilforening, Anglavikvegen 115, 5354 Straume – Org.Nr. 983 884 490 – Kontonr. 9521.66.10068 – post@ranseil.no